Presentasjonar

  • Kommunesamanslåing – «IKT-delen»

    Denne presentasjonen holdt eg for Volda kommunestyre no før sommaren, og skal halde den for Hornindal kommunestyre over sommaren.

    Presentasjonen synar den overordna prosessen for IKT i samanslåinga når det gjeld IKT-system(fagsystem).

    Kartlegging av kommunane sine system og modular er krevjande.  Etter kartlegginga er ferdig vil vi, vonleg, ha svært god grunnlagsdata til å vurdere kva system som skal vidareførast i den nye kommunen. Vi vil også kjenne til arbeidsprosessar, kven som vil måtte endre dei og kva kompetanse vi eventuelt må tilføre/legge til rette for.

    Presentasjonen finn du her: https://prezi.com/view/Wx8cWFda6dSUaMivRIUG/

    Continue reading →
  • Digitaliseringsstrategi – Fellesnemnda nye Volda kommune

    I høve fellesnemnda til nye Volda kommune si handsaming av sak om felles digitaliseringsstrategi for Sjustjerna, vart eg bedt om å lage ein overordna presentasjon om digitalisering generelt i samfunnet og spesielt for den nasjonale satsinga frå regjering og ned til kommunen.

    Eg skriv dette innlegget på farta og rekk difor ikkje kvalitetssikre skrivefeil og gramatikk 🙂  

    Det har skjedd store endringar i måten vi lev livet vårt, med teknologien som driver.
    Berre ein så enkel og «triviell» ting som mobiltelefonen har radikalt endra kommunikasjon mellom oss. Frå å vere stadbunden til å være mobil, kvalitetskravene våres har endra seg – det var og er ikkje alltid vi har dekning og blir brotne av i samtala.

    Mobiltelefonen har på mange måter vore ein driver til endring – fyrst som erstatning for fasttelefonen og no som erstatning for fotoapparat, fotoalbum, brev, PC, osv… Teknologien er blitt så avansert at vi kan nytte mobilen til oppgåver vi ikkje visste vi hadde ønske for berre nokre få år sidan!

    Muligheitane og utfordringane som ligg framfor oss er store – vi må difor ha ein overordna strategi og plan for korleis vi skal gå framover ut i det ukjente. Vi må bli betre på omstilling, betre på smidige og raske prosessar, tenke mindre på organisering og meir på kva som skal utførast, tverrfagleg samarbeid fordrar store krav til samhandlinga mellom oss.

    Presentasjonen finn du her: https://prezi.com/view/uYfV32LcjSjaxPk0Stgy/

    Continue reading →
  • Muligheiter, risikoar og krav – Kommunesamanslåing digitalisering

    Den administrative organiseringa er vedteken for nye Volda kommune.
    Leiargruppa er og definert og alle, utanom kommunalsjef for Samfunnsutvikling, er innplassert.

    Denne presentasjonen tek utgangspunkt i KS sin rapport om «Digitale konsekvensar ved kommunesammenslåing»
    Vi i nye Volda tek til oss denne, men då med nokre små endringar. Den viktigste endringa, slik vi ser det, er frå «konsekvensar» til «muligheitar». Det gjeld å endre haldning frå det negative «KONSEKVENSAR» til det positive som ligg i ordet «Muligheitar»(!!)

    Arbeidet som nye Volda står ovanfor er stort, krevjande, og viktig. Det er difor svært viktig å legge opp til ei positiv, løysingsorientert haldning. Vi veit ikkje alle svarene, men vi står saman og møter framtida med pågangsmot og iver.

    Presentasjonen finn du her:  https://prezi.com/view/yaVQofuQyAbFHb1REp3N/

    Continue reading →
  • Presentasjon av digitalisering

    Eg fekk i oppdrag frå prosjektleiar for nye Volda kommune å halde ein presentasjon for fellesnemnda til nye Volda om samarbeidskommunane på søre Sunnmøre sin Digitaliseringsstrategi

    Presentasjonen finn du her:
    https://prezi.com/view/1Zm8Lf3QIjl6mnkwiV8k/

    Continue reading →
  • Fagdag om digitalisering – IT-Forum

    I samband med IT-Forum sin fysste fagdag i høve Digitalisering blei eg spurt om å lage ei enkel oppsummering av det overordna arbeidet Nordfjordkommunane har gjort, og kva erfaringar vi har gjort oss.

    Presentasjonen finn du her https://prezi.com/view/g3jzu7vp03KSQiq1ScJG/

    Continue reading →
  • Presentasjon for leiargruppa til Nye Volda

    Eg fekk gleden av å vise leiargruppa til Nye Volda nokre konkrete eksempel på digitaliseringsprosessar som er gjort av andre.

    Presentasjonen består av ein introduksjon av meg sjølv då eg snart tar til som prosessleiar for digitalisering i Nye Volda, og av ei rekkje små filmar som andre kommunar har lagt ut.

    Presentasjonen finn du her https://prezi.com/view/b9w162gyNkQErCOdxGcj/ 

    Eg tek gjerne i mot innspel om andre publikasjonar om dette temaet!!

    Continue reading →