Den administrative organiseringa er vedteken for nye Volda kommune.
Leiargruppa er og definert og alle, utanom kommunalsjef for Samfunnsutvikling, er innplassert.

Denne presentasjonen tek utgangspunkt i KS sin rapport om «Digitale konsekvensar ved kommunesammenslåing»
Vi i nye Volda tek til oss denne, men då med nokre små endringar. Den viktigste endringa, slik vi ser det, er frå «konsekvensar» til «muligheitar». Det gjeld å endre haldning frå det negative «KONSEKVENSAR» til det positive som ligg i ordet «Muligheitar»(!!)

Arbeidet som nye Volda står ovanfor er stort, krevjande, og viktig. Det er difor svært viktig å legge opp til ei positiv, løysingsorientert haldning. Vi veit ikkje alle svarene, men vi står saman og møter framtida med pågangsmot og iver.

Presentasjonen finn du her:  https://prezi.com/view/yaVQofuQyAbFHb1REp3N/