I høve fellesnemnda til nye Volda kommune si handsaming av sak om felles digitaliseringsstrategi for Sjustjerna, vart eg bedt om å lage ein overordna presentasjon om digitalisering generelt i samfunnet og spesielt for den nasjonale satsinga frå regjering og ned til kommunen.

Eg skriv dette innlegget på farta og rekk difor ikkje kvalitetssikre skrivefeil og gramatikk 🙂  

Det har skjedd store endringar i måten vi lev livet vårt, med teknologien som driver.
Berre ein så enkel og «triviell» ting som mobiltelefonen har radikalt endra kommunikasjon mellom oss. Frå å vere stadbunden til å være mobil, kvalitetskravene våres har endra seg – det var og er ikkje alltid vi har dekning og blir brotne av i samtala.

Mobiltelefonen har på mange måter vore ein driver til endring – fyrst som erstatning for fasttelefonen og no som erstatning for fotoapparat, fotoalbum, brev, PC, osv… Teknologien er blitt så avansert at vi kan nytte mobilen til oppgåver vi ikkje visste vi hadde ønske for berre nokre få år sidan!

Muligheitane og utfordringane som ligg framfor oss er store – vi må difor ha ein overordna strategi og plan for korleis vi skal gå framover ut i det ukjente. Vi må bli betre på omstilling, betre på smidige og raske prosessar, tenke mindre på organisering og meir på kva som skal utførast, tverrfagleg samarbeid fordrar store krav til samhandlinga mellom oss.

Presentasjonen finn du her: https://prezi.com/view/uYfV32LcjSjaxPk0Stgy/